Generelle vilkår for booking og betaling på Gryta Camping AS

1. Generelt/bestilling

  • Oversikt over hytter og camping finn du på www.gryta.no
  • Bestill via booking.gryta.no. Du vil motta eit ordrenummer etter fullført bestilling.
  • Utsjekk frå hytter er seinast kl 12.00. Innsjekk frå kl 15.00. Ta kontakt om de har andre ynskjer.
  • Utsjekk for camping er seinast kl 12.00. Innsjekk camping frå 13.00. Ta kontakt om de har andre ynskjer.
  • Alle campinggjester skal parkere på anviste nummererte plasser. Hugs 4 meter til naboen grunna branntryggleik.
  • Alle prisar er i NOK og inkluderer mva. Dei avtalte prisane er bindande mellom begge partar.

2. Avbestillingsreglar

Avbestilling kun online via link i epostbekreftelsen.

For hytter:

  • Kunden kan avbestille opphaldet inntil 7 dagar før planlagt ankomst, og få refundert bestillingsverdien. Avbestilling seinare enn dette vert ikkje refundert. Hugs å gje beskjed dersom du ikkje kan komme.
  • Avbestillingsgebyret (kr.50.-) vert ikkje refundert ved avbestilling.

For camping:

  • Kunden kan avbestille opphaldet inntil 2 dagar før planlagt ankomst og få refundert bestillingsverdien. Avbestilling seinare enn dette vert ikkje refundert. Hugs å gje beskjed dersom du ikkje kan komme.
  • Avbestillingsgebyret (kr.50.-) refunderes ikkje ved avbestilling.

3. Ordensregler

  • Kveldsro frå 23.00 til 07.00. Vis hensyn til dine medgjester.
  • Det er tillatt med hund i hyttene og på resten av campingplassen. Hugs at det er bandplikt, både på campingen og i området rundt.
  • Røyking er ikkje tillatt i hyttene.

4. Tilleggstjenester

  • Sengkle til leige for hyttegjester.
  • Du kan bestille sluttvask i hytta, eller vaske denne sjølv.
  • Ferske brød og rundstykker blir steikte kvar morgon. Hugs å bestille kvelden før.
  • Ved for salg til deg som vil fyre opp eit lite bål.
  • Kioskvarer og litt daglegvarer for salg i resepsjonen.

5. Erstatning

  • Dersom det blir oppdaga skade eller manglar ved ankomst til hytta, så sei gjerne ifrå til oss i resepsjonen. Skader som skjer under opphaldet skal rapporterast til resepsjonen på Gryta Camping.

Kontakt

  • Gryta Camping AS
  • Telefon: (+47) 57 87 59 50
  • E-post: gryta@gryta.no
  • Org nr: 930 955 205
Betalings- og bookingsystem fra: Hamnsystem.se